Seriøst?

 

Journalister må stadig ta stilling til om dei skal offentleggjere namn på dei involverte i sakene dei skriv om. Offentleggjering kan vere naudsynt når mistanken kan falle på uskyldige personar. Eg har i dag blitt kontakta av andredivisjonsspelarar (okei, det var berre ein: Arild) som er redde for at folk skal tru det er dei som var var involverte i spelet nedanfor. Etter nøye overveiing har eg difor bestemt meg for å seie kven det var: Passaren var Antix og han med 12 flis, Geir Hjelmeland. Merkeleg nok verkar ikkje dei to syndarane spesielt flaue, og begge har fått komme med forklaring på sine handlingar:


Antix:

Hei, motspelet var vel ikkje så hakkande, bortsett frå at eg kunne gjeve Geir ei steling etter at speleførar på utrulegvis greidde å rote seg bort… d va uinspirert og dårleg av meg… men du ka hadde du meldt på mine kort sidan alle desse spørsmålsteikna?

Jonill:
Kva var planen din hvis Geir hadde dobla i siste hand? Stå med? Melde 2 spar (syner trekorts spar og null poeng) eller melde tre ruter? Du har jo inga fornuftig gjenmelding etter pass - pass - x - pass? (Eg hadde dobla hvis eg var deg.)

Antix:
Eg x den som umeldte. Her hadde eg 100% sikkert meldt 2spar. I min verden er det klart 2k spar og 0-9 hp. Husk at makker er begrensa oppover til 15p, kan vel ikkje skade.. han går vel neppe på, skjønt Geir er Geir J

Jonill:
Nei, han går ikkje på, og det er feil for her er det 10 stikk. Korleis skal han vite at du har to stikk etter pass først?

 

Antix:
Må vel helst ha dei to stikka i hjerter då.. det og det er ikkje så lett å få vist han etter at opps har meldt inn 2hj.. meiner meldinga 2sp må vere rett i det lange løp her. Kjem seff an på avtalar, og kjenner ikkje Geir sitt syst. såååååå  godt.

Såg forresten at vi måtte teke 4 beit i 2 hjerter skulle vi forbetra scoren vår, hehe

Jonill:
Tja, eg veit ikkje heilt heller, men eg syns begge to meldte som ein sekk poteter. 12 flis, liksom :)))) 
Ynskjer du å forsvare deg på heimesida, eller foretrekker du å fortsetje å vere anonym? :)

Antix:
Du kan gjerne legge det ut. Eg syns Geir melde verre enn meg J ..og som du påpeiker han har ikkje akkurat 12 flis. Eg spelte imidlertid verre imot enn Geir, hehe

På telefon med Geir Hjelmeland:

Jonill: - 12 flis du liksom!!!
Geir: - Det var no mest for å terge Antix.

Geir:
Eg kan jo sjølsagt melde 2 spar på min neve, argumentet for å passe var at viss eg melder 2 spar no, finn motparten tilpass i minor som fort er bedre enn 2 hjertermeldinga (husk vi speler MP). Såg ikkje føre meg att 4 spar stod!!! Var i alle fall sikker på att det ikkje gjekk pass rundt på 2 spar. All ære til motparten her som orka 2 h i sona på Jxxxx.

Her er forresten heile spelet. 

 

Så! No har du alle fakta, og det er kanskje på tide at du seier di meining. Ville du passa med Antix sine kort? Ville du meldt med Geir sine? Send meg ein e-post: jonill@hotmail.com

 

___________________________

 

Nokon gongar ser du ting som du ikkje er heilt sikker på om er kødd, eller om dei involverte verkeleg meiner det dei seier og gjer. Døme: Enkelte glamourmodeller når dei snakkar og programmet Sannhetens øyeblikk (TV Norge fredag kl 2030). Hugs spypose hvis du skal sjå på. Slike program får meg til å tvile på individet sin rett til å bestemme sjølv. Enkelte burde rett og slett vore sett under administrasjon. Hm…kor var eg…jo!

 

Eg observerte dette spelet på BBO:

 

 

E K D 9 8 7 5
D 7 5
kn
3 2

 

 





 

 

Kn 4
E K 4
10 8 7 5 3
9 8 2

 

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

1 spar

2 hjerter

Pass (???)

Pass

Pass (??????)

 

 

 

Etter eit motspel som var fullt ut på høgde med meldingsforløpet (altså svært lavt), fauk prosjektet heim med åtte stikk.

 

Syd:     - Ka f…?
Syd:     - Pass?
Nord:  - Eg opna på 12 flis og hadde ikkje meir å tilføye i dette meldingsforløpet.

 

Nord og syd skal få vere nokonlunde anonyme, men dei spelar begge 2. divisjon neste sesong.