Kva spelar du ut?

Motparten melder seg opp i 6 spar slik:

Vest Øst
1 spar (5+ spar 11-15 poeng) 2 kløver (spørsmål om styrke og fordeling)
2 hjerter 4 NT
5 spar (to av fem essar + trumf dama) 6 spar

Kva spelar du ut?

9
E 10 5 4 2
9 2
E 10 6 4 3

Odd Egil:

Hadde eg hatt utspelet mot en av mine og pc sine slemmer hadde eg bare casha inn dei to essa mine, må derfor forutsette at dette er ei utspelsprøve der berre eit av dei er virksomme og prøver ruter 9 ut.

Jonill: Du har den same informasjonen som utspelaren hadde ved bordet :) Endrar du forklaring om eg fortel at det var Jens og eg som var i slemmen?

Odd Egil: Trur eg prøver å cashe kløveress og hjerteress i den rekkefølge då Smilefjes

Arild:

Spar 9.

Lisbeth:

Denne var vanskelig, hjerter ess, men dog uten selvtillit. Påspill fra makker?

Jonill:

Bordet dukkar opp med:

K kn 3
9
E K D 7
K D kn 9 6

Makker legg trearen på hjerter ess.

Lisbeth:

Selvtilliten øker. Prøver kløver ess.

Det var rett medisin, ein måtte ta for dei to essa for å beite slemmen (den andre beita med kløver til steling kjem som ein bonus).

  9
E 10 5 4 2
9 2
E 10 6 4 3
 
E D 10 7 2
K D kn 2
kn 8
8 2
  K kn 3
9
E K D 7
K D kn 9 6
  8 6 5 4
8 5 3
10 9 5 4 2
7
 

Med spar eller ruter ut er dette ei spørsmål om å spele på einaste varianten som kan gjere at kontrakta står. (Aktuelt gjekk dei som var i 5 beit etter kløver ess og kløver til steling, men det er ikkje så godt å sjå at ei beit i ein slem med to essar vekk er nesten middels). Etter to gongar trumf ligg ein stor trumf igjen i bordet og fire gongar ruter går så det susar. Kløveren blir borte og på ein hjerter til kongen og esset er nord innspelt. Spelar han hjerter kan ein stele i bordet og trumfe ein kløver for å komme inn på handa og ta ut trumfen. Spelar han liten kløver fordufter hjertertaparen og det er berre å ta ut trumfen. Spelar han kløver ess og ny kløver er det berre å spele ståande kløver og trumfe over syd.