Ukomfortabelt meldingsforløp

 

Eg var i Bergen og spelte damesingel i helga… Etter ganske mange øl fekk eg Liv Bugge til makker. Systemet blei avtalt: - Vi spelar heilt vanleg…Så tok eg opp denne handa:

 

E K 8 7
8 2
E kn 10 8 5
K 5

 

Vest

Nord (Liv)

Øst

Syd (Jonill)

 

 

 

1 NT (hadde nok gjort det med null promille også)

Pass

2 spar (sikkert noko minorgreier…)

Pass

2 NT (trur det viser best ruter??)

Pass

3 hjerter (sleminvitt med kløver????)

Pass

3 spar (Cue? Eg har no spar også…)

Pass

4 kløver (sleminvitt med kløver?????)

Pass

4 ruter (Cue? Eg har no ruter også…)

Pass

4 hjerter (Dette MÅ vere cue)

Pass

4 spar (Vil at makker skal ta kontroll, for eg veit ikkje kva som er trumf)

Pass

5 ruter (Farken, var det ruter likevel?)

Pass

6 ruter (Det har eg jo massevis av…)

X

6 spar (hjelp, var 3 og 4 spar ekte???)

Pass

Pass

Pass

 

 

 

 

Det synte seg når meldingsforløpet var over og motparten spurte, at det var kløver som var trumf, og at 5 ruter var eit nytt cuebid, så eg følte meg ikkje akkurat betre. Slik var korta:

 

 

D 5 3
E 5
K 3
E D kn 10 8 7

 

10 4
9 7 6
D 9 7 6 4
4 3 2

 

Kn 9 6 2
K D kn 10 4 3
2
9 6

 

E K 8 7
8 2
E kn 10 8 5
K 5

 

 

Utspelet var hjerter konge. Etter tre gonger trumf, begynte Liv å spele kløver. Øst trumfa tredje gongen og hjertertaparen i bordet forsvant. Ny hjerter blei stelt i bordet, og etter doblinga av 6 ruter var det berre ein ting å spele på: At vest dekka ruterknekt… Det gjorde ho, og resten var berre fryd og gammen J

 

Moralen er: Ikkje begynn å tru at du har misforstått heile meldingsforløpet på 6 trinnet… OG hvis du ser denne fargen ligge i bordet:

 

 

 

 

Du

D 9 7 6 4

 

 

 

Bordet

E kn 10 8 5

 

 

... ikkje dekk knekten (hvis du ikkje spelar mot meg, altså!!)