Berre dårleg bridge eller også litt uflaks?
Av Leif Kvamsdal

Etter rundekampen mot Grand 1 (kjekke motstandarar og verdige vinnarar) sat vi att med kjensla av at dette kunne gått vår veg. Undervegs meldte vi:

a)     6 ruter på 4-4 med eit ess + KD i trumf vekke, 11 imp ut. 

b)     Vi nytta sp Konge som lavintal på spar ess i utspel slik at speleførar fekk for spar dame i 5hjX. To beit i staden for tre (som ved det andre bordet) og 8 imp ut.

c)     Vårt par slepte heim 1 NT der det var enklare å ta ei, to eller tre beit. 7 imp ut.

d)     Det var eit utspel etter 1hj-2hj-4hj som gav heimgang og det var utspel frå KDxx i spar. Nye 11 imp ut, mot 5 inn ved alt anna ut.

e)     Eg dobla 4 sp, Hadde som motspelar KDkn i spar + eit ess og makker hadde vist renons i spar og kontroll i ruter på veg til 4 hjerter. Dette var feil, sjølv om det var ei beit i 5 hjerter) då speleførar  var renons i kløver og ruter ED sat framfor kongen. Grand melde 5 hjerter og tente 11 imp, men det var vel svært så heldig at dei ikkje tapte 4 imp?

Etter 34 spel hadde vi vunne 16 og tapt 9, men låg under med 8 imp, noko som ikkje kunne overraske når ein ser på dei fem spela over. Dei to siste spela hadde sprengstoff i seg, men det var nok ikkje vår dag dette:

Spel 35. Vårt lag spelte 6 sp. Denne står om ein løyser ruteren ved å legge ned rett honnør først. Dessverre valdte vår mann feil. På andre bordet var Førde i 7 kløver med 300 ut. Då motparten ikkje fann ruter ut stod den faktisk på hjerteren to/to med kongen i kapp. Den sat to/to, men kongen var sjølvsagt ikkje på opningshanda. Resultat vart då 8 imp ut, medan 6sp heim ville gitt 12 imp inn, ein sving på 20 imp. Slik såg spelet ut:

 

10
65432
kn53
ED84

 

EDxxxx
xx
A10xx
K

 

Kxxxxxx
Kx
K9xxx
------

 

------
ED10x
D
Kn10xxxxxx

 

 

Spel 36. Begge borda var i 3NT. Dette var eit spel med mange vurderingar, både i meldingar, utspel og speleføring. Der Grand hadde korta gjekk meldingane 1NT- 2kl-2ru-3NT utan innmelding. Utspel frå  knxx – 1098x-Exx-Dxx?

Hj 10 kan vel ikkje kritiserast, men då vart det 10 stikk.

Der Førde hadde korta gjekk meldingane 1kl –ihj-1NT-3NT. Etter at hjerterfargen vart meldt valde Grandspelaren ein liten spar og det var ”blink”.  Utspelet viser at sparen sit 5-3.

xx                    EKX                
Dkn                  Kxxx
Exx                  Dxxxx
EKxxxx            x

Speleførar laserte i bordet og motparten vann med dama. Ny spar til esset i bordet. Kva no? Kven har fem spar, har den med fem spar hjerter Ess, sit kløveren 3-3 eller sit ruter konge rett? Mange val og Førdespelaren trefte ikkje blink. Kløveren sat 3-3, ruter konge sat rett og hjerter ess var saman med fem spar så det måtte spelast hjerter før motparten fekk minorstikket sitt. Dermed 11 imp ut og ut av NM-lag. Kanskje hadde opning 1NT løyst heile problemet?

Så sjølv om det var ein del dårleg bridge frå vår side så vil eg påstå at ballen spratt heldig for motparten i denne kampen.

Helsing ein svært så partisk Leif Kvamsdal.