Telling

Kva er det eigentleg du gjer når det ser ut som du tel korta dine, spurte ein kar makkeren sin på mixen i Ålesund. Ho hadde telt korta, meldt og lagt ned blindemann med den flotte 1-4-3-3 fordelinga. Sjølv når speleførar påpeika at ho hadde dårlege kort, skjønte ho ikkje kva som var feil. Vi kunne i allefall fortelje kor dei manglande korta var, for på vårt bord tok ein eksilførdianar opp korta, telte dei og begynte å stille opp. Han skjønte at noko var feil når han hadde par i spar ess.

På bridgekurset lærer vi ferskingane å telje korta, og sist gong var det ein av dei som etter teljing påpeika at han hadde 12 kort. Så til dykk to: Vi har ledige plassar på kurset!