Ta for essa

Rundenr 12   ª K  
Spillnr 81(25)   © QJT642  
Giver: Nord   ¨ AKJ72  
Sone: Øst-Vest   § Q  
  ª AQT54   ª 987632
  © 875   © A9
  ¨ T96   ¨ 53
  § 73   § T94
    ª J  
    © K3  
    ¨ Q84  
    § AKJ8652

 

Jonill (nord) Arild (syd)
1 kl (16+...dei dårlegaste 16 poenga eg har hatt nokon gong) 2 kl (8+ og minst fem kløver)
2 hjerter 3 kløver (endå fleire kløver)
3 hjerter (endå fleire hjerter) 4 kløver (endå fleire kløver og sleminvitt)
4 ruter (håper på eit mirakel - at makker skal ta dette for farge og ikkje cue med kløver) 4 hjerter (miraklenes tid er forbi, cue med kløver)
5 kløver (har meldt meir enn nok, underslår sparcuet) 6 kløver (har sparcue sjølv)

Vi hadde masse cue, men i slemmar er det også ein stor fordel å ha så mange ess at motparten ikkje kan ta beita på direkten.

Øst spelte ut ein spar, og ein kan neppe klandre han for det. Å legge ned esset i speleførar sin sekskortfarge kan neppe vere rett. På ein skikkeleg dårleg dag kan bordet dukke opp med renons i hjerter. Vest stakk med spar ess og fortsette med ruter. Det er ganske uapetitteleg for han å spele hjerter også. Dersom eg hadde mangla dama, ville eit hjerterspel frå han rulla opp heile fargen. Med rundsits i begge minorfargane blei det 12 stikk og eg konstaterer at det var rett å opne med ein sterk kløver med den lusne handa, medan Arild konstaterer at det går fint å melde slem utan å sjekke at vi har nok ess. Det er neppe noko å lære av denne historia, bortsett frå at hvis du spelar mot slem og har to essar, lønner det seg å ta for dei.