wpe5.jpg (4952 bytes)

 Førde Bridgeklubb

 

Referat frå styremøte, 28.08.07.

Stad: Førde Barneskule

Desse møtte: Åsmund Rakke, Dagfinn Vik, Egil Hagen, Terje Førde

 

 

Sak 1: Førdeturneringa. Kven gjer kva?

Ø      Egil tek ansvar for premieringa.

Ø      Torveig, saman med resten av styret, tek ansvar for at spelelokalet er i stand til turneringstart.

Ø      Dublering av kort til turneringa skal vere i orden.

Ø      Det er gjort innkjøp av eit sett nye kort til dubleringsmaskina. (sjå vedlegg)

 

Sak 2: Innkjøp av fleire nye kort.

Ø      Styre vil vurdere innkjøp av nye sett med kort til dubleringsmaskina.

Ø      Ulike tilbod er innhenta, men styret bestemte seg for å utsetje saka til eit seinare møte.

 

Sak 3: Lover og reglar for Førde BK.

Ø      Styret vil sjå gjennom vedtektene, og komme med kommentarar/innspel på neste styremøte. (sjå vedlegg)

 

Sak 4: Ymse.

Ø      Klubben ønskjer å halde eit nytt bridgekurs.

-          Ivar Lunde er interessert i å halde eit slikt kurs, dersom der er nok påmelde.

-          Åsmund tek på seg ansvaret for å publisere kurset.

-          Kurset bør starte primo oktober.

 

Ø      Utfordringa om å få til klubbkveldar, der bridgespelarane ikkje spelar saman med sin faste makker.

-   Styret vil utarbeide eit forslag, som vil bli presentert på årsmøte.

 

Ø      Lagspeling for Førde BK.

-          Dagfinn vil undersøke med Øystein Vasset, kva klubben har betalt i samband med lagspeling i tidlegare år.

-          Prinsippa for at klubben betalar for dei som deltek på lagspelingane, er at bridgespelarane spelar nokolunde regelmessig på klubbkveldane.

 

 

 

     Terje Førde

       -skrivar-