wpe5.jpg (4952 bytes)

 Førde Bridgeklubb

 

Referat frå styremøte, 27.02.07.

Stad: Førde Barneskule

Desse møtte: Åsmund Rakke, Torveig Botnen, Dagfinn Vik, Egil Hagen, Terje Førde, Per - Cristian Gjerde og Åsbjørn Hegrenes.

 

Sak 1: Kurs i oppsett av turnering.

Ø      Per - Cristian Gjerde tok på seg ansvaret for å halde datakurs for det nye styret i Førde Bridgeklubb. Målet for dette kurset var å lære korleis ein skal lage til og drive turneringane på klubbkveldane ved hjelp av det dataprogrammet som klubben har tilgjengeleg.

 

Sak 2: Singelturnering, pris og gjennomføring.

Ø      Styret bestemte at på neste klubbkveld (Tysdag 6.mars, 2007) skal vi arrangere singelturnering. På grunn av at denne turneringa er i samarbeid med Krinsen, vil vi auke startkontingenten til kr. 60. Dette vil bli opplyst på klubbkvelden, 27.02.07.

 

Sak 3: Innkjøp av nytt turneringsprogram, BK 2000.

Ø      Styre har bestemt seg for å kjøpe inn eit nytt turneringsprogram, BK 2000.

Ø      Klubben vil avvente innkjøpet til våren/sommaren. Dette for å innhente informasjon om turneringsprogrammet.

 

 

 

 

     Terje Førde

       -skrivar-