Referat frå styremøte: 22.05.2012.

 

Tysdag 22.mai kl.17.30. i peisestova.

Møtte: Edvard Tonning, Sjur Wie, Dagfinn Vik, Åsbjørn Hegrenes

 
Sakliste:


- Konstituering.

Styret held fram med den samansetjing og fordeling av verv som vi hadde i 2011.


- Terminliste, våre turneringar, sesongen 2012-2013.

Førdeturneringa er tidfesta til 22. september.

Romjulsbridge : 29. desember.

Påskebridge : 26. mars


 

- Kortdublering.

Vi har fått ny dubl.maskin, og ein brukt bærbar pc til maskina.

Edvard har sagt seg villig til å ta over kortdubleringa.


 

- Fortsette sponsorjakta, eller ta imot kort frå krinsen?

Dersom vi ikkje får sponsor til korta, før utgangen av august, går vi inn på avtalen med kort frå krinsen.

 

- Bridgekurs.

Har avtalt med Sunnfjord Folkehøgskule, at vi arrangerar eit lynkurs på Solvang, under Førde brettspelfestival, som skulen arrangerar,

18. august 2012.

Må prøve og få til eit bridgekurs i etterkant.

- Evt. andre ting

For styret

Åsbjørn Hegrenes