Får du heim denne?

Vest Nord Øst Syd
1 hjerter (femkorts) 2 kløver Pass 2 NT
Pass 3 NT Pass Pass
Pass      

 

  E 3 2
8
K 7 5 3
E K 8 5 2
 
 

 
 
  7 5 4
E D 10 5 2
E 2
10 6 4
 

Vest spelar ut spar konge som du dukkar. Han får også behalde for spar dame, men knekten må du nesten stikke. Korleis spelar du?

Arild Hoff var inne på løysinga, han var i allefall heilt sikker på at vest må ha tre kløver for at kontrakta skal stå.

Haldor Sunde:

Ser ut for meg som at dette er steindødt om Øst kjem inn på ein kløverdukk, og spelar derfor på at Vest har noke slikt som sp KQJx hj Kxxxx ru xx kl Q?.
Spelar i stikk 4 ruter til bilde på handa og liten kløver mot bordet. Kjem Vest på med liten, stikk eg i bordet, tek for ruterbildet,dukkar ein kløver og Vest er sluttspelt. Dersom Vest kjem på med bilde er vel einaste muligheita for heimgang QJ blokk i vest. 
 
Har Vest dama dobbel i kløver er eg alltid beit om vedk. legg den til i stikk 5, men det er vel ikkje heilt opplagt å gjere det.

Herold Kråkenes:

Tja. Eg forsetter med kløver A, viss Q, eller J ryke hos vest spele eg ein liten mot kløver ti. Viss ikkje prøve eg og legge ned begge. Håper på at vest har 3 kløver. Vest spelar ruter. Eg legge ned rute K og tar min kløver og så rute A. Spelar Q i hjerte for å sikre at Ø ikkje får på Jx i hjerter og vips er kontrakta heime:)

  E 3 2
8
K 7 5 3
E K 8 5 2
 
K D kn 6
K kn 9 7 4
6
kn 7 3


 
10 9 8
6 3
D kn 10 9 8 4
D 9
  7 5 4
E D 10 5 2
E 2
10 6 4
 

Leif Arild Lothe hadde ingen problem med å få heim denne kontrakta som er frå mixen i Pula. Han tok for ess, konge i kløver og spelte ein ruter til esset på handa. Kløver ti putta inn vest som kunne ta sparstikket, men som deretter kun hadde hjerter igjen og måtte gje det niande stikket for hjerter dame. Merk at denne speleplanen virker også om vest berre har tre spar. I så fall kan han fri seg med ein ruter, men ein hjerter til tiaren set han i same situasjon som før.