Spele minisplinter

 

Motparten kom i skade for å spele minisplinter mot oss på Otta: (Jepp, dette er ein veldig godkjent Førde-tilpass)

 

 

E 9 4 2
K 5 4 3 2
K 9
5 4

 

5 3
E 6
E 10 8 5
E D 9 3 2

 

Kn 10 8 7
10 8
D kn 7 6 4 3
7

 

K D 6
D kn 9 7
2
K kn 10 8 6

 

 

Meldingane gjekk:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

1 kløver

1 hjerter

Pass

3 ruter (minisplinter)

Pass

Pass

Pass

 

 

Eg sat aust og passa omtrent før nord hadde fått passlappen oppå bordet… Motparten var i ugunstig og det heile enda med seks beit – 600 til oss… Dei lurte litt på korleis dei skulle forklare denne scoren til lagkameratane, men vi fire ved bordet blei enige om å halde fast på historia om at vi hadde vore i 3 NT aust-vest (vi rekna ikkje med at dei ville sjekke soneforholda så nøye etter dette sjokket). Det står jo ni stikk øst-vest med to kløverstikk, eitt hjerterstikk og seks ruterstikk. Eg lurte litt på korleis dei skulle få dei til å tru at vi hadde fått seks ruterstikk med kongen bak esset, men nord ville heller seie at han hadde dukka med kongen ein gong enn at han hadde passa minisplinter, så det var ikkje noko problem!