Velg rett opningsmelding

 

Dette spelet frå siste kampen i 1. divisjon for damer gjorde meg eitrande forbanna.  Både eg og alle andre var samde om at eg hadde spelt vekk kontrakta og eg har eg brukt tre dagar på å hisse meg opp over at eg var så dum. No har eg analysert spelet og funne ut at så lenge syd har singel ruter er det umogeleg å få meir enn ni stikk i hjerterkontrakt. Så no er eg ganske forbanna for at ingen sa til meg at syd hadde singel ruter… Trass dette var det eit veldig interessant spel som er verdt å rippe opp i:

 

Spill 121
Giver Nord

Ingen

K D 10 9 5
-
E D kn 6 5 3
8 4

 

2
D 9 8 6 4 3
10 8 7
K 6 2

 

E 8 3
E K

K 9 2
E D kn 10 3

 

Kn 7 6 4
kn 10 7 5 2
4
9 7 5

 

 

Vi meldte slik:

 

Vest (Jonill)

Nord

Øst (Randi)

Syd

 

1 ruter

X

Pass

1 hjerter

1 spar

2 kløver

Pass

3 hjerter

Pass

4 hjerter

Pass

Pass

Pass

 

 

 

Randi syner ei veldig god hand når ho melder 2 kløver (vi melder inn med opptil 18 poeng), så eg var ikkje i tvil om at eg skulle invitere. Kanskje burde eg meldt ut direkte? Med normal trumfsits treng ikkje makker sparesset ein gong for at 4 hjerter skal stå. På den andre sida treng ho ikkje ha ei einaste hjerter og 6-0 tilpassar med dama på topp spelar sjelden spesielt godt.

 

Slik det såg ut for oss var ikkje 4 hjerter med ni stikk noko godt spel, men når lagkameratane våre kom med 590 inn i 4 spar dobla nord-syd, såg vi lysare på livet.

 

Eg trur at sluttkontrakta på spelet er avhengig av nord sitt valg av opningsmelding. Dersom ho opnar i 1 spar vil nok syd fort melde 3 spar over øst si opplysande dobling (hvis det er sperr). Kanskje klarar vest å produsere 4 hjerter likevel, men alle nordspelarane melder heilt sikkert 4 spar som øst dreg til. Den kontrakta kan ikkje beitast.

 

Slik var scorane på spelet:

 

5sp X N

11

650

 

5 sp X N

11

650

 

4 sp X N

10

590

 

4 sp X N

10

590

 

4 sp X N

10

590

 

5 kl X Ø

8

500

 

6 hj V

10

100

 

4 hj  V

9

50

 

4 hj V

9

50

 

4 sp X N

8

 

300

4 sp V

10

 

420

3 NT Ø

9

 

400

 

Det var små marginar: Dersom nord-syd hadde meldt 4 spar her hadde dei vunne turneringa…