Romdeling

Geir hadde bestilt dobbeltrom til seg og Jens, men han hadde ikkje teke seg bryet med å seie Jens sitt namn, så Jens fekk ikkje sjekka inn. Geir sjekka inn begge to, men han fekk sjølvsagt berre ein nøkkel. Når Jens skulle inn på rommet fekk han seg ein ny nøkkel og når Geir kom funka ikkje nøkkelen hans. Han gjekk i resepsjonen og fekk ny, men no funka ikkje nøkkelen til Jens, så han fekk ny. Neste gong Geir skulle inn på rommet funka ikkje hans nøkkel...osv...osv. - Men eg er så jævla smart, sa Geir, at femte gongen eg måtte ned å få ny nøkkel, så skjønte eg kva som skjedde.