I lunsjpausen eine dagen gjekk eg tilbake saman med ein av karane med lengst bein, så eg sprang så fort eg kunne medan han slentra i veg. Vi sprang/slentra inn i hytta der døra til min store irritasjon sto på vid vegg. Langbein rekna med det var nokon der, så han gjekk rundt til alle soveromsdørene og ropte "hallo, hallo". Eg stilte meg opp og glodde ei stund på ei ukjent veske i sofaen før eg gjekk på do. Doen lukta rart, men eg var voldsomt imponert over at Toril hadde hengt opp eit handkle på ein svært kunstferdig måte. Eg hadde tenkt å lage kaffi, men blei avbrutt når Langbein ropte med skrekk i stemma: - Det er feil hytte! Han hadde nemleg stilt seg opp på verandaen og leika kongeleg og vinka til dei forbipasserande. Ei av dei som kjenner oss og veit at vi har vanskeleg for å skaffe oss nye venner (jmf. historia utan filter), ante uråd og spurte: - Kva du gjør der?

Dagen etter var tre av karane på veg i same retning. Den eine gjekk mot feil hytte og dei andre sa "hadet" og lata som dei skulle på hotellet før dei pila rundt hjørnet og sto og lurte på han. Dessverre sat det ei dame og drakk raudvin på hytta, så misforståinga blei fort oppklart.

I fjor var det ei anna som gjekk inn på feil hytte. Der var bordet fint dekka og ho blei kjempeglad for at det var mat på gang. Det tok litt tid før ho oppdaga at dei som var der ikkje var nokon ho kjende, men når ho såg det blei skuffelsen stor og ho snudde og gjekk sin veg utan vidare kommentar.

...og dette skjer på Lillehammer der vi har vore ti år på rad. Stakkars oss når vi skal til Fredrikstad!