Referat frå styremøte i Førde Bridgeklubb

Tysdag 9/4 -13 kl 17.30 i Peisestova

 

Desse møtte: Åsbjørn Hegrenes , Dagfinn  Vik, Edvard Tonning og Sjur Wie.

Sak 1: Årsmøtereferat; Edvard reinskriv dette slik at vi får lagt det ut på heimesida.

Sak 2: Konstituering: Jens var vald til nestleiar ,Edvard til rekrutteringsansvarleg, Dagfinn til kasserar og Sjur til skrivar.

Sak 3: Rekrutteringsutval ? Diskuterte rekruttering generelt og utval spesielt. Semje om at Edvard er utvalsleiar og knyter til seg 3 personar som er villige til å gjere ein jobb i utvalet. Fleire kandidatar var nemnde og desse blir spurde snarast. 

Semje om at vi også i år deltek med lynkurs på Førde brettspelfestival (Solvang). Edvard tar kontakt. Viktig at mange deltek som medhjelparar.

Sak 4: Semje om å etablere ei facebookgruppe for klubben. Edvard og Jonill tek seg av etableringa.

Sak 5: Anna? Vart minna om det som var oppe på årsmøtet om momskompensasjon. Dagfinn snakkar med Toril om frist og krav til søknad. Han tek seg også av søknaden.

Møtet slutt kl 18.20