Førde Bridgeklubb

 

Referat frå styremøte, 04.12.07

Stad: Førde Barneskule

Desse møtte: Åsmund Rakke, Torveig Botnen, Dagfinn Vik og Egil Hagen.

 

Sak 1: Kontingentar i sb med medlemmene sin speleaktivitet: Klubbstyret sitt

            vedtak støttar seg på tidlegare årsmøtevedtak.

·        Alle medlemmene skal betale klubb/krins og forbundskontingent + evt lisens

·        Klubben dekker 50% av påmeldingsavgifta i serie/divisjon

·        Klubben refunderer påmeldingsavgifta for dei som var med på sonespeling

·        Spelarar som har vore med på mellom 10 og 20 kveldar får støtte med 50% av nemnde

·        Spelarar som er registrert med mindre enn 10 kveldar får ikkje støtte

·        I sb med NM-par får Per Christian og Jonill støtte 

 

 

Sak 2: Nye vedtekter som skal framleggast for årsmøtet.

            Vi vil fremje framlegg til nye vedtekter for klubben. Dei vi evt hadde før er ikkje å   

            finne att. Åsmund sender dette framlegget til Torveig for omsetting til nynorsk. Når

            omsettinga er klar vert dette lagt ut under ”styret” på heimesida med noko

            merksemd rundt annonsering av årsmøtet og årsmeldinga.

 

Sak 3: Årsmøtet/klubbmeisterskapen:

            Blir arrangert  23.02.08, på Førde hotel.

 

Sak 4: Andre turneringar:

·        Juleturneringa. Premiering som vanleg. Torveig og Egil har ansvaret for tilrettelegging. Styret samlast fredagen  28.12.07, kl.1800 for å sikre at alt er klart til påfylgjande dag

·        Ribbespeling. Det blir ribbespeling tysdag 18.12.07.

 

 

 

 

Åsmund Rakke

       -skrivar-