Pula
I følge arrangøren er turneringa i Pula den største på dei kanter av Europa. Det var i allefall nesten 260 par i parturneringa, så det kan godt hende det stemmer.
19 nordmenn tok turen i år. Flytida frå Oslo er i underkant av tre timar, og prisen t/r Oslo - Pula er adskillig lavare enn prisen t/r Førde - Oslo. Meir bagasje får ein ha med også (Widerøe har grense på 15 kg, og når kofferten min vog 14,5 på veg nedover betydde det at eg kunne gløyme å ta med kvoten heim. Eg tilbau fleire av dei andre kvoten min, men MERKELEG nok var det ingen som ville ha den. Tyder på at dei hadde drukke nok for ei stund?)
Pula er ein liten by med rundt 70 000 innbyggarar, men om sommaren kjem det ein skokk med turister til byen. På ei halvøy utanfor byen ligg eit område med restauranter, hotell og leiligheter der det er plass til 8000 turistar. Det er der bridgeturneringa foregår. Her er bilete frå spelehotellet og hovudgata.
Vi budde seks personar i ei leilighet med to soverom. Det er litt forskjellig standard på leilighetene på området. Vår var ganske ok, medan den som seks andre nordmenn bodde i var ganske shabby. Eg betalte ca. 800 kroner for åtte netter. Utsikt frå leiligheta mot sjøen og mot symjebassenget.
Sjølv om eg er eit ekstremt b-menneske, syns eg ikkje speletidene var optimale. Første sesjon starta kl 15, så spelte vi til ca. 1830. Då var det pause til 21 og så ny speling til rundt 0030. Parturneringane begynte kl 2030 og varte til 0130. Etterpå var det sjølvsagt på tide å gå i baren, og når den aldri stengte seier det seg sjølv at vi ikkje såg allverdens med dagslys...
Lagturneringane var monrad, men uten forsinkelse. Det betydde at ein måtte vente til alt var ferdig før neste runde blei trekt...Dette tok sjølvsagt tid, men opplegget var bra. Dei hadde bridgemate, skjermer på dei lavaste borda og internasjonale tevlingsleiarar.
I parturneringane var det dublerte kort (i lagturneringane måtte vi stokke), men opplegget var Mitchell. Dvs. at nord-sydpara sit fast og øst-vestpara går. I løpet av ein sesjon spelar alle same spela, og det førte til at ein ikkje fekk forlate rommet før det var spelt fem rundar a to spel. Rundetida var så kort at sjølv ikkje eg rakk å kjede meg noko særlig. Gode greier!
Resultata var ikkje noko å skryte av, vi låg godt an i mixlag, men etter ei katastrofal sisterunde rasa vi nedover på resultatlista. Her er resultata.
Og her er nokre fleire bilete.