Geir og Jan Gulbrand har det moro med Torstein
Av Arnt Ola Fidjestøl

Korleis ville du like å komme i 7hj med E x x x x x x mot kn x x i trumf?

I likhet med dei fleste andre av oss syns ikkje Torstein Hesseberg dette var noko særleg. Hjerter K kom ut og haka til Torstein fall ned på navlen.

Heldigvis var det berre ein practical joke. Ohren og Engebretsen hadde nemleg blitt samde om å spele Torstein eit puss og hadde avtalt byttehandel. Ohren fekk K,D i trumf i bytte mot ein x :-)

Bridge er moro, også i NM.

(Og dette går an i NM fordi dei spelar med skjermar, slik at du ikkje ser makkeren din og den eine motstandaren).