Planlegging, planlegging, planlegging

 

Vi meldte oss opp i 6 hjerter på dette spelet etter at vest hadde vore inne med 3 spar:

 

Spel 26
Øst
Nord/syd

E kn 6 5
D 8 7 5 3
K kn 6 3
-

 

10 9 7 4 3 2
-
7 2
E 7 5 4 2

 

K 8
K 9 6
D 10 9 8 4
kn 10 9

 

D

E kn 10 4 2
E 5
K D 8 6 3

 

 

Vest var flink når ho helt fingrane sine vekke frå kløver ess i utspel. I staden spelte ho ut ein ruter. Eg stakk på handa og stal ein kløver. Hjerter til tieren avslørte den irriterande trumfsitsen. Eg stal endå ein kløver og spelte ruter konge og ruter til steling. Den siste lille kløveren må eg stele med DAMA. Stillinga er denne:

 

Spel 26
Øst
Nord/syd

E kn 6 5
8
kn
-

 

10 9 7 4

-
-
E 7

 

K 8
K 9
D 10
-

 

D

E kn 4
-
K D

 

 

No er resten enkelt. Hjerter til knekten og hjerter ess renskar motparten for trumf. Vest får for kløver ess, og eg tek resten.

 

Kva eg gjorde feil? Jo, eg stal den siste lille kløveren med ein liten trumf. Då blir stillinga denne:

 

Spel 26
Øst
Nord/syd

E kn 6 5
D
kn
-

 

10 9 7 4

-
-
E 7

 

K 8
K 9
D 10
-

 

D

E kn 4
-
K D

 

 

Hjerter dama står rundt, men for å komme meg inn på handa må eg stele ein ruter, så når motparten sin trumf er vekk, er min det same. No måtte eg spele på å kappe sparen, noko som ikkje blei nokon suksess.

 

Alt som skulle til for å få heim denne kontrakta var å ta seg to sekunder og planlegge litt fram i spelet, men det hadde eg ikkje tid til, nei… Kva var vitsen med å slutte å røyke då???

 

Seks av 12 par i 1. div. for damer kom i 6 hjerter og fire av dei gjekk beit. Ikkje bra!