Nye måtar å tape imp

 

Denne historia har eg rappa frå bulletinen til junior EM:

 

Bridgespelarar finn stadig nye måtar å tape poeng på, men velkjente Paul Hackett vurderte tydelegvis ekstremt dårleg i dette spelet frå ei turnering for lenge sidan.

 

Alle i sona og Hackett sat syd og hadde:

 

E K x
E D x x
D x

X x x x

 

Meldingane gjekk slik:

 

Vest

Nord

Øst

Syd (Hackett)

1 ruter

2 spar

X

2 NT (spørsmål)

3 ruter

4 spar

4 hjerter (jepp!)

X

Pass

Pass

Pass

 

 

Hackett ikkje berre aksepterte det utilstrekkelege budet (4 hjerter), han dobla glad og fornøgd og fant etterpå ut at kontrakta sto som eit segl!

 

Slik var heile spelet:

 

 

D kn x x x x x
x
x x x
K x

 

X
x x x
E K 10 x x x
D kn x

 

X x
K kn 10 9 x
kn x
E 10 x x

 

E K x
E D x x
D x

X x x x

 

 

Det blei 790 til øst-vest.

 

4 spar er ei god kontrakt, alt du treng er at opnaren har kløveresset. I dette tilfellet sat det ikkje slik, så 4 spar var ei beit. MEN, hvis Hackett ikkje hadde godtatt det utilstrekkelege bodet, ville truleg øst ha passa (han har vel i grunnen meldt rikeleg allereie!). No blir det motspelsstraff, og øst spelar ut ei ruter som speleførar dekkar med dama. Vest er inne og speleførar kan no insistere på hjerterskift opp i saksa. Ein kløver forsvinn på hjerteress og 620 er i boks.