Kva melder du?

Det anar meg at eg gjorde noko dumt i dette spelet, men utover det har eg null peiling på kva eg skulle ha gjort:

Vest Nord (makker) Øst Syd (du)
    2 ru (multi) 3 kløver
Pass 4 NT Pass 5 kløver (0 eller 3 ess)
Pass 5 NT (storesleminvitt) Pass ???

8
E D 7 6
6 2
E K 8 7 6 4

Kva melder du? jonill@hotmail.com

Arild Hoff:
6 kløver.

Kenneth Skov:

Eit gamalt jungelord seier: with six - four, bud one more.
 
Vurderer sju her med den sjette kløveren og 6-4. Melder 6 hj her, så får makker vurdere, 6 nt, 7kl og 7 nt er aktuelle kontrakter. Med feks Axx-x-AKxxx-Qxxx er 7kl ei brukbar kontrakt. Og det på 26 hp. Med feks Ax-KKnx-AKxx-Qxxx er 7nt fløte.

Og så fekk eg støtte frå uventa hold; makker :)

Per-Christian Gjerde:

Trur ikkje det er så godt for deg å melde noke anna, det var vel meg som hadde opptil fleire betre alternativ enn det eg valgte… :) Men; er vi enig om at 3hj er stålkrav etter 3kl der?

Eg meldte 7 kløver, men det var ikkje nok når heile spelet såg slik ut:

101 S KJ7632
N/NS   H JT8
  R T3
  K 32
S ED   S 8
H K9532 H ED76
R EK R 62
K DJ95 K EK8764
  S T954
  H 4
  R DJ98754
  K T

For det første så meinar eg at dersom ein melder inn over ei svake to opning, må ein love minst ei melding til. Dvs. at makker stille og roleg kan melde 3 hjerter her utan å vere redd for at eg skal finne på å passe. Spørsmål til Kenneth; viser ikkje 6 hjerter over 5 grand hjerter konge? Hvis ikkje hadde det heilt sikkert gjort susen i dette spelet.

Kommentar frå Kenneth:

Prinsipielt så syner 6hj kongen, enig i det. I dette tilfellet finns ikkje det "perfekte" bud, så då må en velge det som e mest beskrivende. Med single ruter og hjerter dama samt lengde i hjerter så gir 6hj makker sjanse til å vurdere korta sine. Så det blir mitt valg, og her hadde vi då havna i 7nt, som e heilt perfekt:)