Nm lag 2010

Søndag 16.05.2010

Med desse bileta takkar Geir Angedal for seg, det var alt dei hadde å by på frå Ålesund.

Siste kampen starta dårleg. Stillinga er 10-48 til feil lag etter 16 spel. Her er bilete frå banketten.

Laurdag 15.05.2010

Her er fleire bilete frå Ålesund. Takk til fotograf Angedal.
 
Dei gjekk dessverre på ein smell i siste halvrunde og tapte 21-9 mot Harstad...då er det nok berre banketten som kan vinnast i dette NM lag. Reknar med 
det går greit :)
 
Halvvegs mot Harstad ligg Førde under med 6 imp (20-14).
 
Førde slo Grand 21-9 og tredjeplassen er innan rekkevidde :)

 

Helsing frå Geir Angedal:

Her er nokon nyyyyydelege bilete :-) Nybakt stormester i stoooorfeiring på Peppes...

Trur eg skal spele alt i dag so får sikkert ikkje sendt før kveld. Elles e da no ikkje tvil
at det va på tide å toppe laget etter den ramaprestasjonen karane hadde :-)

Her er været fortsatt upåklageleg og stemninga e god. Skal helse frå resten av laget..
sjallabeis Førde, helsing vakre Ålesund.....

 

Fredag 14.05.2010

Kamp 5: Etter 16 spel leder Førde 44-21 mot Grand. Kampen fortset kl 10 i morgon tidleg. Lagoppstilling: Geirane + Øystein og Geir.

Kamp 4 vann dei 16-14 og dei kom seg dermed opp på sjuande plass. Gode greier.

Kamp 3:

Det enda forferdeleg, men Arild og Jens fekk meldt 6 ruter på siste spelet der motparten stoppa i 4 sp med 10. Reknar med det var ein liten opptur.

Spel 27: Arild får heim 4 spar der motparten har stoppa i 3 med ni. Kommentar på bbo: Bid hard – play good. J

Etter spel 26: 123-8, dei må skjerpe seg hvis det skal bli VP i denne kampen.

Jbgood: Just another weird contract from Førde in this match (4 hjerter på 4-2 tilpass).

Neste kamp er mot Topbridge – min informant seier at det er Geirane og Øystein og Geir som skal spele den kampen.

I spel 23 blir det to imp til Førde. HURRA. Eg får gratulasjonar frå Sunnmøre L. Stillinga er 2-110…

Er redd Jon Sveindal tek feil, etter 21 spel er stillinga 105-0 til Namsos.

Jon Sveindal på BBO: These Førde guys will fight back with everything they have.

Dei fortset med same lagoppstillinga i 2. halvrunde. Som Geir Angedal seier: Hvis det er nokon som kan snu det, så er det dei karane.

PC kallar det vi har sett av Førde i første halvrunde for ”total kollaps”. Ein score på 0-68 etter 16 spel kan vel neppe kallast anna? Vi venter spent på opphentinga i andre halvrunde.

Huff & huff…etter 12 spel leder Namsos 50-0. Det blir litt å jobbe med i 2. halvrunde. Du får kose deg med bileta til Geir Angedal så lenge.

Spel fem gjekk i bordet…takk og pris. No er dei klar til å snu kampen J

Etter at tre spel er samanlikna ligg Førde under 28-0…AUUU

BBO-kommentator om første spelet til Arild og Jens: Strange bidding – good contract J

Førde er på BBO mot Namsos i første kampen. Namsos leder og Førde er på delt andre 6 VP bak.

Torsdag 13.05.2010

Det blei tap 14-16 mot Studentene. Reknar med alle loggar seg på BBO kl 0900 i morgon tidleg :)

Etter første halvrunde i andre kamp er det uavgjort 24-24. Dette er mot Studentene som eg vil tru er ein av favorittane, så det er heilt ok.

---------------

Førde vant første kampen i NM lag 19-11. Dei spelte mot Singsås og leda 21-9 til pause. Dermed har Jens fått tak i dei fire forbundspoenga han mangla og er no stormester. Gratulerer!!!!!

Helge Sæterdal seier:

Flott start for Førde. Må satse på medalje. Skulle ha kapasitet til det i dette feltet. 

Men !!!  Jens må nok ha ein uavgjort eller siger til for å bli stormester.  Må ha 400 forbundspoeng også ikkje berre 700 Mesterpoeng. Han har no 398 forbundspoeng(394 frå før)


Hm...då må vi altså vente til etter andre kampen med å gratulere han :)

Geir Angedal har bilete:

Oystein og Geir.jpg

Jens og Arild.jpg

Geir og ein busk.jpg.. han la seg i busk tidleg denne gongen.

Arild reknar.jpg - korreksjon frå Geir Angedal: Dette er captains meeting.

Alesund.jpg - Ålesundbileta er tekne når Geir og Øystein blei sendt ut for å kjøpe tobakk til Jens.

Fyret i Alesund.jpg

Liste.jpg

Onsdag 12.05.2010

I morgon brakar det laust med NM-lag. Laget reiste frå Førde i 12-tida etter at Firda tok lagbilete på Statoil (kvifor der??). 
No er dei i full gang med velkomstturneringa. Etter sju rundar ser det ut som dei går for ein dårleg generalprøve.