Meldingsforløpet går slik:

Vest

Makker

Øst

Meg

 

1 ruter

Pass

1 spar

Pass

1 NT

Pass

3 NT

Pass

Etter lang tenkepause: Pass

Pass

 

 

Medan makker tenkte, gjorde eg det same. Det var ca. sånn: Kva er det du tenker på din dust? Har det vokse opp eit ess blant korta dine? Har du seriøst tenkt å melde meir? Makan!

Passen kom no til slutt og øst gjorde seg klar til å spele ut. – Brukar de XY grand? spurte han. No tenkte eg endå meir. Ca. sånn: - Kva har det med saken å gjere? Kvifor brukar du tid på å spørre om det no….hm…..så rart…………………

-        Meldte eg ikkje 3 NT? spurte eg.

-        Nei, du meldte 2 NT, fekk eg beskjed om.

Om det berre var åtte stikk? Niks, det var ti.