Lita kontrakt, stor score

Ein liten feil i motspelet var alt Arild trengte for å få skikkeleg dreisen på dette spelet frå klubben i går.

E K kn 5
10 7 5 2
kn 6 2
5 3
10 4 3
K 9
10 7 3
D 10 8 6 2
D 9 7 2
D kn 6 4
E
E kn 7 4
8 6
E 8 3
K D 9 8 5 4
K 9

Han blei speleførar i 2 ruter i syd etter at øst hadde vore inne med ei opplysande dobling.

Utspelet var ein kløver til esset. Ny kløver gjekk til kongen og ein ruter til knekt og ess. No gjorde øst ein feil når han spelte liten hjerter. Den gjekk til kongen. Vest spelte attende hjerter ni som blei dekka med tieren, knekten og esset.

E K kn 5
7 5
6 2
-
10 4 3
-
10 7
D 10 8
D 9 7 2
D 6
-
kn 7
8 6
8
K D 9 8 5
-

Arild tok ut trumfen og vel så det. Fem runder ruter gjorde slutt på øst. Før den siste blir spelt er stillinga denne:

E K kn
7
-
-
10 4
-
-
D 10
D 9 7
D
-
-
8 6
8
5
-

På den siste ruteren kasta bordet hjerter 7, men øst kan ikkje kaste nokon av korta sine.

Aktuelt kasta han hjerter dame, og dermed sto hjerter 8 og resten av korta. 10 stikk var verdt alle poenga.

I følge Arild kan øst unngå skvisen ved å spele ein hjerterhonnør i staden for ein liten hjerter i stikk fire.