Kva skjer?

 

Du har fått utdelt fylgjande:

 

-

K kn 8 5 4
E D kn 3
8 6 5 2

 

Ugunstig sone og ukjent makker.  Meldingane går slik:

 

Vest

Nord

Øst (du)

Syd

 

 

 

1 spar

2 ruter

4 spar

5 ruter

6 spar

Pass

Pass

??

 

 

Kva melder du?

 

Her er svara eg har fått:

 

Toril: Eg doblar.

 

P-C: Når det gjeld kva eg melder no så må det bli pass.. Eg meiner det er for stor risiko i ugunstig sone å stampe eller doble.

Arnt Ola: Svaret avheng litt av om makkeren var tyrkisk eller ikkje J Nei, eg hadde meldt pass.

(Spelet er frå Topbridge, så det er liten sjanse for tyrkisk makker!)

Odd Egil: Gudane veit kva som skjer i dette merkelige meldingsforløpet ditt, men eg har en mistanke om at syd har fått utdelt en svart toseter slik at han tar sine 12 stikk. Melder derfor 7 ruter som ei forsikring. På en god dag hadde eg kanskje passa, spelt ut hjerter og tatt dei 2 første stikka i motspel, men har ikkje tru på det.

 

Syd var fullstendig gal her, så både pass og dobling var ein grei måte å skaffe seg toppen på spelet. Her er korta:

 

 

D 9 7 3 2
9 6 3
6 2
K D 10

 

5
E D 7 2
K 10 9 8 5 4
kn 4

 

-

K kn 8 5 4
E D kn 3
8 6 5 2

 

E K kn 10 8 6 4
10
7
E 9 7 3

 

 

Det er 11 stikk i spar nord-syd og 11 stikk i både hjerter og ruter øst-vest. Merkeleg nok var det ingen scorar øst-vest på dette spelet.

 

Scorane nord-syd varierte frå 5 spar redobla med 11 til 7 ruter dobla øst-vest med ei beit. (Det var eg som kom i skade for å stampe i 7 ruter, men når motparten ikkje fekk tak i meir enn eitt stikk var det nok til topp. Hadde dei fått tak i to hadde det blitt delt nestbunn i staden).