Kristoffer spelar heim 5 kløver

 

Kommentar frå Øystein Vasset:

Fortalt med hans eigne ord.  I andre rommet var det stopp i delkontrakt, så spelet gav gode og nødvendige poeng.

 

Spel 13 frå 3. rundekampen mot Hafslo:

 

 

E D 4
K D 10 3 2
5 4 3
10 5

 

K 9 7 2
E 7 4
K kn 8 2
9 8 3

 

8 6 5 2
kn 9 8
E 9 7 6
7 6

 

Kn 10 3
6 5
D 5
E K D kn 4 2

 

 

 

Makker opna 1 hj, og når han over mi 2 kl melding (utgangskrav) gjenmelde 2 NT som viser 17-18 NT (skal melde 2 hj, som er ei kvilemelding utan ekstra) byrja eg å få slemambisjonar i syd. Det vart ikkje stopp før vi enda i 5 kløver.

 

Motstandaren valde å spele ut liten kløver. I dei tre første stikka tok eg ut trumfen, før eg spelte liten hjarter mot kongen som fekk behalde stikket.

 

Eg såg at dette var beit, men med utdrag frå Victor Mollo bøkene eg har fått låne av Øystein friskt i minne, spelte eg liten ruter frå bordet mot handa si dame. Denne blei stukke av vest sin konge. Vest spelte no sparkonge, men det gav meg ikkje noko ekstra, sidan finessa måtte takast alikavel.

 

Eg tok meg så inn på handa igjen og spelte ein ny hjarter mot bordet, denne vart på mystisk vis også dukka, så begge mine hjartertaparar hadde no forsvunne. Eg trur ikkje vest hadde vridd ruter sjølv om han hadde stukke over med esset fordi han vart ganske forbausa når han etter spelet oppdaga at makker hadde ruteress.