Juks, eller berre litt fanteri?
Av Odd Egil Nygård

 

Eg åpna i øst i første hand gunstig sone med 1 ru med

x x
K kn x
E D x x x
D x x

 

og det gikk pass –pass –dobler. Motparten var i sona, så det såg ut som om dei hadde ein klar soneutgang på gang. Med mine auge såg det mest sannsynlig ut at denne var i spar, så eg slengte inn 1 spar i farten. Venstre motstander meldte nå 2 hjerter, og no fann makker ut at han hadde til 3 kløver. Denne blei dobla hardt, og det gikk pass – pass og makker tok ut i 3 ruter. Nord var nå lei av meldingsforløpet og dundra 4 hjerter i bordet som blei passa rundt.

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

1 ruter

Pass

Pass

X

1 spar

2 hjerter

3 kløver

X (hardt)

Pass

Pass

3 ruter

4 hjerter (hardare)

Pass rundt

 

 

 

Makker skulle spele ut og valget falt på spar knekt, og nord la ned følgende kort:

 

E K D 9 x
D 8 x
-
E K kn 10 x

 

Etter mi sparmelding begynte panikken å bre seg hos syd soms i frykt for sparstjeling kjapt spelte hjerter til esset og hjerter mot dama. Eg tok så 2 hjerterstikk, la ned ruteress og meir ruter.Syd tok nå ei lang pause før han stakk med kongen og spelte kløver til finesse til mi dame. Etter at eg fekk stikk på denne la eg ned ruterdame som også fikk beholde stikket. Etter at vi hadde tatt 5 stikk i motspel forlanga syd resten, og vi hadde ingen innvendinger.

 

Slik var heile spelet:

 

 

E K D 9 x
D 8 x
-
E K kn 10 x

 

kn 10 x
x x
10 x x x x
x x x

 

x x
K kn x
E D x x x
D x x

 

x x x
E 10 9 x x
K kn x

x x

 

 

 

Når motparten no oppdaga fordelinga vår begynte spetakkelet, med beskyldninger om juks og det som verre var pga manglende alertering. Vi prøvde å forklare at vi spiller naturlig og at alle meldinger vi hadde avgitt var blitt oppfattet naturlig av makker, og at de av den grunn ikke skulle alerteres, men til ingen nytte. Nord kunne imidlertid huske at eg hadde psyka mot han en gang før (noko eg ikkje finn unaturlig sidan eg sikkert har spelt over 500 spel mot han) og at det derfor måtte være juks. Eg skal være den første til å innrømme at eg psykemelder ein gang iblant, men eg prøver å la være så ofte eg klarer pga at det som regel straffer seg med minuspoeng i protokollen. Dette er imidlertid den einaste gongen eg kan huske at både eg og makker har psyka på det samme spelet. Det må vel høyre til sjeldenhetene i bridge.

Resultatet på spelet på dei andre borda var forøvrig 4 spar/hjerter, alle hadde karra til seg 12 stikk.