Illusjon

Arild var godt fornøgd med dette spelet frå klubben sist tysdag. Som alle andre hamna han i 3 NT i øst og utspelet var ein liten hjerter.

24 S E753
V/Ingen   H 54
  R J98
  K D642
S J942   S KDT
H DT9 H J73
R ET R K6532
K EJT5 K K9
  S 86
  H EK862
  R D74
  K 873

Dette såg ikkje lovande ut. Hvis han godspelar sparstikka, har han tre sparstikk, eitt i hjerter, to i ruter og to i kløver - åtte til saman. Sannsynlegvis har motparten då allereie fått fem stikk, og hvis han begynner å rote med ruterfargen eller kløverfargen og bommer er det fort å gå to beit og pådra seg ein bånn.

Han starta med å legge hjerterdama i bordet for å få nord til å tru at speleførar hadde hjerter esset, deretter spelte han spar til kongen og spar dama som også sto. Det hjalp ikkje noko særleg, så han fridde seg med ein hjerter til syd si store overrasking. Syd tok hjerterstikka og nord måtte kaste nokre kort. Dessverre såg kløveren han kasta ganske liten ut for syd, så han spelte kløver. Nord la i dama og Arild hadde plutseleg ni stikk; to i spar, eitt i hjerter, to ruter og fire kløver :)