I siste liten

 

Vi trengte ca 40 pluss på sisterunda for å få premie i hovudturneringa på Englandsbåten. PC tok oppgåva alvorleg og halte inn ca. halvparten av dei manglande poenga på dette spelet:

 

 

3 2
10 9 8 2
K 10
E K D 3 2

 

 





 

 

K 5 4
K kn 7 6
E D 7 3
5 4

 

 

Som dei fleste andre i salen hamna vi i 4 hjerter med syd som speleførar. Vest brukte lang tid på å spele ut, og til slutt dukka han opp med ruter åtte. PC stakk med kongen og noterte seg at niaren kom på bak. Ruter ti gjekk til knekten og esset. På ruter dame fulgte både øst og vest farge, merkeleg nok.  I bordet forsvant ein spar. Truleg var ruter ni frå vest første gongen eit ganske mislykka forsøk på å legge svakhet… På ruter 7 måtte vest litt fårete følge med seksaren, medan endå ein spar forsvant i bordet. Øst trumfa og fortsette med kløver til bordet. PC spelte no hjerter til kongen. På ny liten hjerter gjekk både kongen og dama og PC kunne claime 11 stikk og ein svært god score.

 

Mange hadde fått ruter ut, men hadde begynt på trumfen utan å ta tre runder ruter. Då gjekk dei beit når motparten fekk to sparstikk og to trumfstikk.

 

 

3 2
10 9 8 2
K 10
E K D 3 2

 

E D 10 9
D 5
8 6 4 2
kn 8 7





Kn 8 7 6
E 4 3
kn 9 5
10 9 6

 

K 5 4
K kn 7 6
E D 7 3
5 4