Antix lurer på om han har gjort noko gale...

...i dette spelet:

Vest (makker) Nord Øst (du) Syd
1 ruter Pass 2 kløver X
Pass Pass ???  

Ingen i sona.

2 kløver frå deg er utgangskrav. Eg antar dei spelte supportdoblingar, men truleg ikkje tvungen når det pressar meldingane på tretrinnet? I så fall kan makker ha trekorts kløver med ei minimumshand. Alternativt benekter han tre kløver. Det er det ingen som veit på dette tidspunktet...

E D 4
D 9
D 8 7
K 10 9 4 3

Er du fornøgd med å spele 2 kløver, eller melder du meir?

Eg hadde passa 2 kl x, men det er fordi eg ikkje kan scorane og truleg ville ha innbilt meg at 2 kl x med nokre overstikk ville slått utgang. Det gjer det ikkje, har eg lært i ettertid. Ein liten kommentar til meldingane: Dersom 2 kløver er utgangskrav, bør det vere tvungen support på den, slik at vest sin pass benekter trekorts kløver.

Ein eller annan (har gløymt kven) ville også ha passa, men det ville ikkje Arild Hoff: Hadde klinka 3 NT. Ville ikkje ha redobla for motparten må ha hjertertilpass.

Her er spelet. Vi kan vel trygt seie at nord fekk gull ut av gråstein her?