Gje dei sjansen til å gjere feil

 

Det er viktig å gje motparten sjansen til å gjere feil. Eg såg ikkje varianten når spelet var over ein gong, men Arild hadde sjølvsagt sett det:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

 

Pass

1 hjerter

1 NT (8-16, minst 4-4 i minor)

Pass

2 kløver

2 spar

Pass

3 hjerter

Pass

4 hjerter

Pass

Pass

Pass

 

Frå denne forsamlinga:

 

K D

D 7 2
D 10 8 4

D 9 8 4

 

…spelte eg ut kløver åtte. Bordet dukka opp:

 

 

K D

D 7 2
D 10 8 4

D 9 8 4

 

 

 

8 5 3
8 4
E K 7 6 3
10 5 3

 

 

 

 

Kløveren gjekk til makker sin konge og speleførar sitt ess. Han tok tre gonger hjerter frå toppen slik at eg var inne på dama. Makker saka ein ruter på tredje runden hjerter. Eg tok for kløver dame og fridde meg med ein ny kløver som speleførar trumfa. No spelte han ein liten spar og eg var inne igjen. Kva no?

 

Tenk litt på det, før du ser lenger nede….

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er nokså opplagt at speleførar ikkje har ruter.  Vi veit han har sekskorts hjerter og minst fire spar. Hadde han hatt ruter ville han ha spelt seg inn på bordet og kasta kløvertaparen på ruter. Vi har fått tre stikk, så kva skal vi håpe på? At makker har sparknekt minst tredje? I så fall er det alltid beit. Kan vi gje speleførar sjansen til å gå beit sjølv om makker ikkje har noko i spar? Ja! Speleførar har kjempelyst til å kappe sparen. Gje han sjansen! Spel ein ruter slik at han kjem inn i bordet.

 

 

K D

D 7 2
D 10 8 4

D 9 8 4

 

E kn 6 4 2
E K kn 10 5 3
-
E 7

 

8 5 3
8 4
E K 7 6 3
10 5 3

 

10 9 7
9 6
kn 9 5 2
K kn 6 2

 

 

Vest spelar ein spar frå bordet og din gode makker hjelper til å med å legge tiaren (ikkje niaren)... Hvis han kappar, kan du notere deg masse poeng og at speleførar ikkje har noko særleg tru på deg. Går han opp på esset, har du gjort ditt beste, og så kan du spørre han om å spele med deg ein annan gong.