Gje aldri opp

Eg heldt nesten på å begynne å sippe av min eigen idioti i dette spelet, men det er viktig å aldri gje opp samma kor håplaust det ser ut.

Eg sat nord og meldingane gjekk slik:

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

 

Pass

1 ruter

2 hjerter

3 kløver

3 hjerter

Pass

Pass

4 NT

Pass

5 ruter

Pass

6 ruter

Pass

Pass

Pass

 

 

Kva spelar du ut frå mine kort?

E 8 5
E 10 9 8 7 6
kn 9 5
5

Eg er sikker på at du aldri ville finne på det same som meg... Hjerter ess! (Ingen skal beskylde meg for verken å tenke eller stole på motparten).

Bordet dukka opp og eg kjente angsten bre seg...

 

E 8 5
E 10 9 8 7 6
kn 9 5
5

 

 

 

K 10
-
E 7 6 3
E K kn 10 9 7 2

 

 

 

Ganske riktig. Hjerter ess blei trumfa i bordet og speleførar spelte glad og fornøgd ein ruter til kongen og deretter konge, dame i hjerter som spartaparane forsvant på. Deretter kom ruter til esset og makker si DAME ramla. Speleførar spelte kløver ess og kløver konge som han sjølv la kløverdama på. Eg hulka stille for meg sjølv, men tenkte at eg likegodt kunne bruke den ståande ruterknekten min, ellers ville sikkert den forsvinne også (revoke var berre det som mangla no). Stillinga med meg inne er denne:

 

E 8 5
10 9 8
-
-

 

 

 

-
-
7
kn 10 9 7 2

 

 

 

Bordet står jo, ikkje sant? Eg tenkte og tenkte og kunne ikkje på nokon måte komme på korleis eg kunne komme meg ut av situasjonen. Eg kunne heller ikkje forstå kvifor speleførar ikkje claima. Han er ein oppegåande fyr, og eg har ikkje inntrykk av at han likar å plage andre, så kva i alle dagar var problemet hans? Eg hadde lyst til å berre legge meg flat og claime på hans vegne for å bli ferdig med f....skapen, men til slutt fant eg ut at eg kunne spele ein liten spar. Sannsynlegheita for at han skulle tru eg hadde sparesset var ganske liten (for å seie det mildt!), og hvis no den lille sparen var det som skulle til for at kontrakta skulle fyke heim, ville det bli ei endå festlegare historie... Speleførar trumfa i bordet og spelte liten kløver til åttaren på handa, for å ta ut den siste trumfen (som sjølvsagt var gått for lenge sidan). No sat han att med to spartaparar og enden på den sørgelege visa både for meg og han blei to beit.

 

E 8 5
E 10 9 8 7 6
kn 9 5
5

 

D 9 4
K D 2
K 10 4 2
D 8 6

 

K 10
-
E 7 6 3
E K kn 10 9 7 2

 

kn 7 6 3 2
kn 5 4 3
D 8
4 3

 

Dersom han hadde fått heim 6 ruter, hadde vi berre fått -4 på spelet, fordi 6 kløver er heilt utapeleg, men eg skal love deg at det hadde føltes som ein gedigen bånn :-)