Gal mann Nygård

 

Vi låg under med 31 imp etter første halvrunde og Odd Egil var i poengnød. Motparten hamna i 6 ruter etter at Odd Egil hadde fått dobla eit sparcuebid med esset syltynt femte. I tillegg hadde han ein flott renons i trumf, så han syns det var på sin plass å doble sluttkontrakta. Han visste jo at han fekk spar ut til esset, så overstikk kunne det ikkje bli. Makker var lydig og spelte ut spar. Odd Egil spelte ny spar og speleførar er i rampelyset:

 

 

Stakkars blindemann

K D kn 10
K 3
K kn 10 9 5 2
E

 

Stakkars makker
5 4
9 8 4
D 6 4
kn 9 5 4 3

 

Gal mann Nygård
E 9 8 7 6
10 7 6
-
D 10 8 7 6

 

Stakkars speleførar

3 2
E D kn 5 2
E 8 7 3
K 2

 

 

Ein ting skal du vite om Odd Egil Nygård: Han har ein fantastisk flaks… Då skjønnar du sikkert kva som skjedde? Speleførar la ned ruter konge…- Eg kunne jo ikkje vite at makkker hadde ruterdama, sa Odd Egil, men når han la ned ruter konge såg eg det på reaksjonen til speleførar J. P-C var i same kontrakta og fekk kløver ut til esset. Han drog klokleg ein liten ruter frå bordet…