Finta!!

 

Spelet er frå forrige spelekveld i Førde, og var omtrent sånn:

 

 

6
K 10 4 2
E D 6 3
10 9 8 2

 

 

 

 

 

E K D kn 10 9 8
8 3
2
E K D

 

 

Meldingane gjekk slik:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

 

1 kløver (sterkt)

Pass

1 ruter (feil *)

Pass

4 spar

Pass

5 ruter (dårleg samvit **)

X

5 spar

Pass

Pass

Pass

 

 

Nord var meg, og eg er ikkje så stø i presisjon. 1 ruter viser eigentleg 0-7 poeng, men kunne eg melde 1 NT med singelton?? Neppe, tenkte eg, men det fekk eg etterpå greie på at eg kunne. Når Arild hadde til 4 spar, fekk eg angst for undermeldinga mi tidlegare, og tenkte at eg fekk hoste opp eit cuebid.

 

Utspelet er ruter 5. Korleis spelar du?

 

Det er vel ikkje så mykje å lure på. Du stikk med ruter ess og håpar at hjerteresset sit framfor kongen. Det gjorde den ikkje, så her blei det 11 stikk. Heilt normalt, ikkje sant???

 

Ikkje heilt… Det synte seg at luringen i øst hadde dobla 5 ruter på knekten sjette, og makker var med på notane når han spelte ut femmeren frå K 5…. Sleipt J