Fantastisk god makker

 

Her var faktisk Geir Hoff så god at han fekk Geir Hjelmeland til å tru at Geir Hoff hadde eit kort som den andre Geiren faktisk sat og såg på sjølv J

 

Ludvig kom i 2 hjerter på desse korta (etter å ha opna i det):

 

 

K kn 9 5 2
5
K D kn

Kn 10 8 7

 

E 10 3
D 7 3
E 9 3
9 6 3 2

 

D 8 6
E kn 6
10 6 5 4
E 5 4

 

7 4
K 10 9 8 4 2
8 7 2
K D

 

 

Geir i vest spelte ut ein liten kløver til Geir i øst (Hjelmeland i vest og Hoff i øst!). Han fortsette med kløver og Ludvig kom inn og spelte liten ruter. Geir Hjelmeland sette seg til å tenke ei lang stund, og Jarle T sukka tungt, og sa at når ruteresset sat rett (!!), skulle han nok ha meldt 3 NT… J Til slutt stakk Geir med ruter ess og Geir Hoff la tieren. Det kan ikkje vise anna enn spar ess, ikkje sant? Geir Hjelmeland var i allefall overbevist om at makker måtte ha dette esset også, så han spelte ein liten spar til knekten og dama. Ny spar gjekk til esset, og ein litt skuffa Hjelmis måtte konstatere at makker ikkje kunne stele kongen. No hadde speleførar tapt to sparstikk i tillegg til eitt stikk i kvar minorfarge. Det var heller ikkje råd å unngå to hjertertaparar, så det heile enda med ei beit.