Ein gloppar i naud

 

Ivar Engelstad har fylgjande problem:

 

Hjelp meg før eg vert galen J

 

Spelar naturleg men har ingen spesifikke avtalar.

 

Vest

Nord (makker)

Øst

Syd (du)

 

1 kløver

Pass

1 ruter

1 spar

X

 

 

 

 

1. Kva betyr dobling hos opnar no?

 

Vest

Nord (makker)

Øst

Syd (du)

 

1 kløver

Pass

1 ruter

1 spar

Pass

Pass

X

 

  

2. Kva betyr dobling hos svarhanda no?

 

Problemet i diskusjonen er at han eg diskuterer med insisterer han (opnar) skal doble 1 spar direkte for å vise 4 korts hjerter. I mitt haud vil dobling av 1 sp direkte der vise revershand.

 

Kva viser makker til opnar når han doblar 1 spar i sistehand? Eg meiner 4 korts hjerter, og “litt” i kløver, i tillegg til ruteren han allereie har vist.

 

Jonill:

I mitt hovud ville dobling hos opnaren i begge høva synt trekorts ruter og ikkje lovd noko tillegg for opninga. Der svarhanda doblar opp i siste hand ville eg gått ut frå at han har ein del kort, men er usikker på kva han skal melde…t.d. 3-3-4-3 utan hold i spar eller 2-4-4-3.

 

Send meg e-post og sei kva de meinar: jonill@hotmail.com Vi kan ikkje risikere at Ivar blir galen J


Antix:

Desperat gloppar

Eg meiner dobling hjå opnar viser 4k hjerter og ekstra, helst 16+. Dobling hjå meg viser 4k hjerter. Eg nyttar ikkje støttedbl på minor utan at det er avtalt spesielt.