Melde eller passe eller doble?

 

Eg vart litt gretten på makker her, men det er mogleg det er ho som hadde rett??? Kva syns du? Vi er i ugunstig sone…

 

Vest

Nord (gretten Jonill)

Øst

Syd (du)

 

 

 

1 hjerter

Pass

1 spar

2 kløver

2 spar

Pass

4 spar

4 NT (minor)

???

 

Kva melder du no? Kvifor?

 

E 9 5 3
E K 10 9 6
3
D 10 3

 

Makker meldte 5 spar, og når korta var sånn var det ingen suksess:

 

 

K D kn 10 8 2
3
E kn 2
9 4 2

 

7 6 4
kn 7 5 4 2
9 7 6 4
7

 

-
D 8
K D 10 8 5
E K kn 8 6 5

 

E 9 5 3
E K 10 9 6
3
D 10 3

 

Kanskje burde syd meldt 3 spar i staden for 2 spar første gongen. Då har ho stort sett fortalt historia si, men eg meinar likevel det blir feil å melde 5 spar her med tre korts kløver.

 

I min verden viser dobling frå syd at ho har f.eks 2-2 i minor (ikkje kontroll på nokon av minorfargane), medan med 5 spar direkte bør ho ha kontroll i begge. Dermed bør vel pass syne at ein har lyst til å melde, men ikkje føler seg heilt sikker på kva som er rett. Kva eg gjer over 5 ruter er ingen som veit… Det kan godt hende eg melder 5 spar, og så er vi like langt!