Bridgespelarar på tur

 

To av norges beste bridgespelarar hadde funne ut dei skulle på øyhopping i Hellas.

 

Dei ringte stolt til ein annan bridgespelar og fortalte at no hadde dei funne kjempebillege billettar som dei hadde bestilt på nettet. Dei skulle starte øyhoppinga frå Rhodos, noko som vel ikkje er heilt vanleg (Rhodos ligg ikkje spesielt nær nokon andre greske øyer…) og flyet skulle gå via London… Heller ikkje heilt vanleg, men alle spørsmål frå bridgespelar nr. 3 prella av. Dette skulle bli heilt topp!

 

Avreisedagen kom og flyet gjekk først til London og deretter til Rhodos. Dei gjekk ut av flyet og rett til informasjonsskranken på flyplassen for å spørre etter havna. Dama i informasjonsskranken svarte: - Where do you think you are now???

 

Det synte seg at dei hadde hamna i ein liten by midt inne i Frankrike som heitte Rhodes!

 

For å komme seg til Hellas måtte dei vente til neste dag, ta fly tilbake til London og deretter kjøpe ny billett til Athen.

 

Vel heime fekk bridgespelar nr. 3 ei ny telefonoppringing der han blei servert den triste historia. – Jammen, skjønte de ikkje at det ikkje var Rhodos når de las namnet på byen på billetten, spurte han. Irritert svar frå den reisande: - Veit du korleis Rhodos stavast på engelsk, liksom???