Bridgefestivalen

Søndag 01.08.07:

Edvard og Eirik vant kretsturneringa i dag. Vi skal ta bilete så snart Edvard har dusja og sminka seg.

I mixen blei Arild og eg nr. 23 etter ein elendig midtsesjon i dag. Ivar og Herold har over middels i monrad par, Arild er veldig god å melde været, men heilt elendig til å finne rett bord.

No har vi bestilt pizza og er klar for å avreagere alle drittspela :)

Laurdag 31.07:
No er vi klar! Det er grisetidleg og bergensarane nedanfor er i mystisk godt humør. På hytta vår er det berre halvparten som er stått opp...

Torsdag 29.07:
Eg hugsa brått kvifor vi berre er to i bilen. Det er ikkje plass til fleire; merkeleg så mykje bagasje ein treng.  Eg trur ellers ikkje dette gjeld mannfolka, for vi skal ha med bagasjen til ein av karane og det reknar eg med det var den lille sekken som sto i eit lite hjørne i bagasjerommet.

Onsdag 28.07:
Frå fredag reiser ein skokk med førdianarar nedover til Lillehammer. Det er sjølvsagt enno noko uklart kven som skal...som ekte sunnfjordingar ville det vere ei stor skam om ein meldte seg på/fiksa overnatting/bestemte seg før det er nødvendig :) Det eg veit er at det kjem til å vere ca. to i kvar bil, så hvis nokon fortsatt er usikre på reisemåte vil eg anbefale eit par telefonar før vi invaderer Lillehammer med endå ein TV-registrert bil. (Det er også greit å vere fleire i bilen for å unngå å gå tom for samtaleemne midtvegs. Toril og eg skjønte det var jamnt slutt i fjor når vi oppdaga at vi hadde diskutert Bjørn Dehlie to gonger i løpet av ein halvtime... Heldigvis var det ikkje langt igjen.)

Planen er å ta med datamaskina og oppdatere hvis det skjer noko spennande. Dette kjem sjølvsagt an på om nettet vi fant siste dagen i fjor fortsatt er der.

Eg satsar på at det går bra, og hvis nokon har spel eller andre ting dei ynskjer å formidle er det berre å gje beskjed/sende mail/komme innom på hytta. Du treng ikkje vere medlem av Førde bridgeklubb :)

Bilete kjem her: http://www.cig.canon-europe.com/p?p=C7SSufteCuu. Inntil vidare får de kose dykk med bilete av pus :)