Asiameisterskapen
Nokon sørger for å ha det litt kjekkare (og mykje varmare) enn oss trauste sunnfjordingar.

Desse tre sunnmøringane (Terje Lie, Petter Haram og Svein Hildremyr) skal spele Asiameisterskapen i bridge som startar i dag. Her er link til heimesida. Petter fortel at dei skal spele mixlag, par og opent lag.
I mix lag heiter Terje sitt lag International (Terje, Lam Ze Ying, Allen Tan, Gemma Tan) og Petter og Svein sitt International 2 (svært originalt :)). Dei spelar saman med Jackie Thompson og Viksi Egan).
I opent lag heiter Terje og Petter sitt lag Pattaya Bridge Club 2. Dei spelar saman med Dick Shek og Allen Tan. Kan ikkje sjå at Svein skal spele denne turneringa, men i par skal han spele med ei dame frå Barbados, medan Petter spelar med Allen Tan og Terje med Ze.
Det forundrar meg litt at dei faktisk har sett av åtte timar i dag og tre timar i morgon til registrering...Asiatane må til og med vere tregare enn oss, men utpå dagen i morgon startar det med parturneringa.