Beste speleplan

 

Som ein av få speleførarar i KM gjekk eg beit i denne slemmen. Fortsatt er eg ikkje heilt sikker på korleis denne kontrakta skulle ha vore spelt. Kva er beste speleplan når motparten ikkje har meldt og utspelet er hjerter 4?

 

 

E 9 5 2
E
E kn 8 4
E K 7 6

 

 

 





 

D kn 6 4 3
D 8 7 5 2
K 5 3
-

 

 

 

Vi meldte slik:

 

Nord

Syd

1 kløver

1 spar

4 hjerter (kortfarge)

4 NT

5 ruter (1 eller 4 av 5)

6 spar

 

Her er heile spelet:

 

 

 

E 9 5 2
E
E kn 8 4
E K 7 6

 

10
9 6 4 3
9 7
D 10 9 8 5 2

 

K 8 7
K kn 10
D 10 6 2
kn 4 3

 

D kn 6 4 3
D 8 7 5 2
K 5 3
-

 

 

 

Lisbeth visste korleis ein skal spele:

 

Stikk utspelet i bordet og ta for ess og konge i kløver (kast ein ruter og ein hjerter). Stel ein kløver på handa og ein hjerter i bordet, spel ruter til kongen og nok ein hjerter til steling. Stillinga er denne:

 

 

 

E 9
-
E kn 8
7

 

10
9
9
D 10 9

 

K 8 7
-
D 10 6
-

 

D kn 6 4
D
5
-

 

 

Spel spar ess og ny spar. Uansett kva øst returnerer kjem du inn og kan ta ut trumfen og resten av stikka.