Bagasjetrøbbel


To karar som skal få vere relativt anonyme, vi kan kalle dei Odd Egil og Haldor, hadde mykje trøbbel med bagasjen sin på veg frå Sandane til Oslo. Dei skulle stad og spele divisjon og hadde sjølvsagt pakka med seg ein masse forskjellige antrekk for helga. Velfylte toalettvesker gjorde at bagasjen måtte sjekkast inn.


Dei andre frå Sogn og Fjordane var komne for ei god stund sidan og sat på Peppes og venta og venta og venta på desse to karane som hadde landa, men aldri kom.


«Odd Egil» og «Haldor» sto nemleg ved bagasjebandet og venta på bagane sine. Til slutt sto dei igjen åleine og såg på dei to enslege bagane som gjekk rundt og rundt på bandet. Femte runden meinte «Odd Egil» å kjenne att «Haldor» sin bag, så «Haldor» tok den av bandet og såg oppi, men kjente ikkje igjen innhaldet, så den blei lagt tilbake på bandet. Etter nye fem rundar var truleg svolten blitt så stor at dei tok dei to enslige bagane av bandet og kunne konstatere at det faktisk var deira. «Odd Egil» hadde to forklaringar, han hadde tatt bagen til dotra og hadde igrunnen aldri sett den før, og dessutan sto det ikkje Sandane på bagasjebandet.