Åttekortsfargar skal vere trumf

Eg er på jakt etter litt sympati her.

Makker opna i tre spar, nestemann meldte inn 5 kløver og eg hadde det ikkje lett:

K kn
E K kn 10 6 5 3 2
-
kn 5 3

Eg meldte 5 spar, noko som er forferdelig pinglete. Det kom sjølvsagt 6 kløver frå same fyren og no prøvde eg 6 hjerter som makker korrigerte til 6 spar. Raudlappen kom på og eg la den stolte åttekortsfargen ned i bordet.

Rundenr 6   ª KJ  
Spillnr 130(10)   © AKJT6532  
Giver: Øst   ¨  
Sone: Alle   § J53  
  ª Q   ª 953
  © Q   © 974
  ¨ AKQT8   ¨ 9543
  § AKQT86   § 742
    ª AT87642  
    © 8  
    ¨ J762  
    § 9

Ruter esset kom ut, og med det utspelet er det ikkje mogeleg å vinne 6 spar. 6 hjerter er sjølvsagt heilt utapeleg mot alle utspel. Min tanke bak å støtte makker i spar framfor å mase om hjerterfargen, var at hjerterkontrakt blir svært tungspelt dersom makker er renons i trumf. Då kan motparten ta tre kløverstikk med ein gong. Dessutan er det fine ting at makker kan stele ruter på handa som er kort i trumf. Eg fekk mykje pes for dette, så truleg var eg langt på viddene?

P-C meinar dette spelet var minst like vilt som det andre spelet eg har lagt ut frå divisjonen. Uansett var vi einaste nord-sørpar i alle dei tre puljene som hadde scoren ut... Og sjå på stakkars øst :) Medan alle andre har sinnsjuke fordelingar og syns spelet er kjempespennande, sit han med 0 poeng og 4-3-3-3 fordeling og lurer på kva oppstusset handlar om.

Scorane på spelet var slik:

NS... ØV...   Kontrakt... .Sp. Stikk ....NS. ....ØV. ...NS. ...ØV.
11 7   6 Hjerter D N 12 1660 0 13.0 -13.0
12 9   6 Hjerter D N 12 1660 0 13.0 -13.0
5 2   6 Hjerter N 12 1430 0 12.0 -12.0
10 8   5 Hjerter D N 12 1050 0 7.0 -7.0
2 5   5 Hjerter D N 12 1050 0 7.0 -7.0
7 11   7 Ruter D Ø 10 800 0 1.0 -1.0
6 1   5 Hjerter N 12 680 0 -3.0 3.0
1 6   6 Kløver D V 10 500 0 -7.0 7.0
3 4   6 Kløver V 10 200 0 -11.0 11.0
9 12   6 Kløver V 10 200 0 -11.0 11.0
4 3   6 Kløver V 10 200 0 -11.0 11.0
8 10   6 Spar D S 11 0 200 -14.0 14.0
BUTLERSNITT: 777 (1)