Alle poenga på eine sida av skjermen



15     KJ7                  
Syd    QJ43              
N-S    AQ10                     
       AQ5                      
543           AQ102             
982           AK6              
9654          KJ8               
642           KJ10             
       986                      
       1075                     
       732                      
       9873                     

Dette spelet vekte stor glede og mykje fnising på makker si side av skjermen, dei to var trass alt utstyrt med alle poenga i stokken, medan det på mi side var sørgelege greier.

Makker fant på å opne med 2 NT (20-21). Øst påpeikte at han trudde han sleit med å oppfylle poengkravet og dobla. Det enda med ei beit og 200 ut.

På andre bordet hadde nord opna med ein kløver og øst dobla. No gjekk det pass hos syd og pliktskyldigst 1 ruter hos Jarle i vest. Nord meldte 1 NT og P-C dobla igjen. Syd tok ut i 2 kløver som P-C i aust dobla. Det gjekk pass-pass før nord noko uforståleg redobla. 2 kl xx gjekk akkurat ei beit for 400 inn til P-C og Jarle.